DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 988, 2626 LILLEHAMMER
Besøksadresse: Kirkegata 76, 2626 Lillehammer
Telefon: 61 28 9000 • Nettsted: http://oppland.ksys.no
Do not feed the Trolls (The Krumple)
Produksjonsliste
Program

Do not feed the Trolls (The Krumple)

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

I "Do not feed the Trolls" møter vi det som ser ut til å vera ein heilt enkel boklanseringsturné for ei bok av Lisa Holloway, ei heilt vanleg jente som tilfeldigheitane har gjort til kjendis gjennom "Myspace" (tidleg sosialt medium). Boklanseringa vert starten på ei reise inn i den virtuelle verda, ei reise som snart går over til å likne meir på eit mareritt.

Do Not Feed the Trolls fortel historia om Lisa Holloway, ei alminneleg jente som vågar seg ut på internett. Isolert og lei oppdagar den 14 år gamle Lisa den digitale røyndomen av sosiale media. Ho vert raskt ein tilfeldig kjendis i denne verda, men samstundes blir ho gradvis i større og større grad terrorisert av troll. Trolla verkar fast bestemt på å øydelegge sjølvtilliten hennar, ryktet hennar og truar snart heile Lisa sin eksistens ...

“Do Not Feed the Trolls” tek føre seg råskapen, skadefryden og den håplause idiotien hjå moderne internettroll. Inspirert av dagsaktuelle og verkelege hendingar tek The Krumple tak i trollinga som skjer på nett og gjev publikum den same kjensla av ubehag og sadistisk glede.

The Krumple ønskjer å fokusere på korleis kommunikasjonen mellom menneske vert endra drastisk når ein har ei anonym maske å gøyme seg bak. Kven er desse trolla og kva er det som driv dei? Ved å balansere mellom det humoristiske og det ubehagelige vert publikum konfrontert med spørsmålet: Er eg sjølv ein del av dette fenomenet?

Utan å vere moraliserande set kompaniet publikum inn i rolla både som offer og som troll. 

Lærerveiledning

Aktuelle fag og læreplanmål som kan setjast i samanheng med forestillinga:

Ungdomstrinnet:

Engelsk e. 10. trinn:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne...

"forstå hovedinnhold og detaljer i ulike typer muntlige tekster om forskjellige emner"

Norsk e. 10.trinn:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne...

"samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film [og framføre tolkende opplesing og dramatisering]"

"beskrive samspillet mellom estetiske virkemidler i sammensatte tekster, og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder"

"forklare og bruke grunnleggende prinsipper for personvern og opphavsrett ved publisering og bruk av tekster"

Samfunnsfag e. 10. trinn: 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne...

"identifisere samfunnsfaglege argument, fakta og påstandar i samfunnsdebattar og diskusjonar på Internett, vurdere dei kritisk og vurdere rettar og konsekvensar når ein offentleggjer noko på Internett"

(Sjå også artikkel under)

Vidaregåande opplæring:

Engelsk vg1 stud./vg2 yrkesfag:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne...

"drøfte engelskspråklige filmer og andre kulturuttrykk fra forskjellige medier"

"forstå hovedinnhold og detaljer i ulike typer muntlige tekster om allmenne emner [og faglige emner knyttet til eget utdanningsprogram]"

Norsk vg1 stud./vg2 yrkesfag: 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne...

"tolke og vurdere sammenhengen mellom innhold, form og formål i sammensatte tekster"

beskrive og vurdere hvordan språk og sjangere brukes av representanter for ulike yrkesgrupper og i ulike sosiale sammenhenger

Samfunnsfag vg1/vg2: 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne...

"analysere omfanget av ulike former for kriminalitet og overgrep og drøfte korleis slike handlingar kan førebyggjast, og korleis rettsstaten fungerer" 

"drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår og kva tiltak som kan motverke dette"

(Sjå også artikkel under)

________________________________________________________________________________________________________

Artikkel om nett-troll, henta frå Stavanger Aftenblad 18. august 2016: 

http://www.aftenbladet.no/lokalt/Forsvarsadvokater-mener-at-folk-taler-for-mye-408565b.html 

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: The Krumple

Om kunstner / utøver / gruppe

The Krumple er eit internasjonalt teaterkompani basert i Oslo, danna i 2013. Medlemane er samla rundt ein felles visjon om å skape dynamisk og utfordrande scenekunst, basert på kroppen si evne til å uttrykke seg. Ein av grunntankane i kompaniet er at alle medlemane er både skapande og utøvande kunstnarar, der ensemblet er kjerna og der skodespelarane kan spele alle roller. Medlemane er alle utdanna ved École Internationale de Théâtre Jacques Lecoq i Paris. Internasjonal satsing er eit viktig fokus og saman har dei turnert i Noreg, Danmark, Tyskland, Frankrike, Stobritannia og USA med forestillingane “Go to Sleep, Goddamnit!, YOKAI og no "Do Not Feed the Trolls". Alle forestillingane har blitt presentert gjennom Den Kulturelle Skolesekken, og Do Not Feed the Trolls turnerte i 2016/17 Sogn og Fjordane, Telemark og Finnmark, før dei no i 2017/18 skal på turné i Oppland.


Medvirkende

  • The Krumple
  • Oda Kirkebø Nyfløtt (Utøver)
  • Vincent Vernerie (Utøver)
  • Jo Even Bjørke (Utøver)
  • Jon Levin (Utøver)
  • Ukjent Ukjent (Tekniker)
  • Ukjent ukjent (Tekniker)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Do not feed the Trolls
Foto: The Krumple Theatre Company
Do not feed the Trolls
Foto: The Krumple Theatre Company
Do not feed the Trolls
Foto: The Krumple Theatre Company
Lisa Halloway
Foto: The Krumple Theatre Company
Scenekunst / Teater
Trinn: 8 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Marie Othilie Hundevadt, tlf. 40284305, marie.othilie.hundevadt@oppland.org
Jofrid Sørskog, jofrid.sorskog@oppland.org
Kontaktperson utøver
Jo Even Bjørke, tlf. +47 93247111, e-post: joeven@thekrumple.com
Programlengde
1 time
Arena / rom
kulturhus
Bærehjelp
3
Oppriggingstid
180 min.
Nedriggingstid
90 min.
Merknad
Scenespråk: Engelsk
Lenker
Arrangører
Arrangert av:
DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
Medvirkende
  • Oda Kirkebø Nyfløtt (Utøver)
  • Vincent Vernerie (Utøver)
  • Jo Even Bjørke (Utøver)
  • Jon Levin (Utøver)
  • Ukjent Ukjent (Tekniker)
  • Ukjent ukjent (Tekniker)