DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 988, 2626 LILLEHAMMER
Besøksadresse: Kirkegata 76, 2626 Lillehammer
Telefon: 61 28 9000 • Nettsted: http://oppland.ksys.no
Glimt, Tor Arve Røssland
Produksjonsliste
Program

Glimt, Tor Arve Røssland

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

I boka Glimt blir lesaren kjent med to ungdommar: Jon og Solveig. Begge bur på den vesle øya Grovøy, langt ute i havgapet, og begge kjenner seg litt utanfor. Jon fordi han stammar fælt, og har vanskeleg med å få kontakt med andre, spesielt sidan han akkurat har flytta til øya. Solveig fordi ho blir tvungen til vere tenestejente hos den tyske kommandanten under andre verdskrigen, og derfor mister ho gradvis kontakten med vennene sine. Jon og Solveig har ein del ting til felles, men dei er skilde frå kvarandre med ein heil generasjon. Dei veks opp i heilt ulike tidsaldrar, men er likevel knytte til kvarandre på mystisk vis. 

Glimt er først og fremst ein spennande grøssar, for alt er ikkje slik det skal vere på Grovøy, verken no eller under krigen. Det gamle ungdomhuset, der Jon etter kvart blir kjent med dei framtidige klassekameratane sine, skjuler noko. Ting hender om natta, uforklarlege ting, og ungdommane våger ikkje vere der lenger enn nødvendig.

Og kva er eigentleg dette glimtet? 

I dette opplegget tar forfattaren for seg historia bak boka. Både litt om krigshistorien langs norskekysten, men òg ein del om korleis dei historiske fakta blir brukt først og fremst til inspirasjon, og ikkje som ein fasit til korleis ein skal skrive ei bok. Forfattaren vil snakke litt om korleis ein fiende som Tyskland ikkje berre var ein gjeng med blodtørstige nazi-djevlar, men at det alltid er ei menneskeleg side ved dei verste krigsforbrytarar. Noko som ein kan trekke parallellar til i dagens samfunn. Skal ein bekjempe ein fiende, må ein kjenne, og forstå ein fiende. Ein treng ikkje sympatisere, men prøve å sjå saka frå den andre sida. Var alle tyskarane som okkuperte Noreg psykopatiske mordarar? Dette var viktige spørsmål som dukka opp under skrivinga av Solveig si historie i Glimt.

Boka tar òg for seg korleis jenter blei behandla etter krigen, og kor vanskeleg det er for Solveig å vite kva som er rett og gale. Desse kjenslene finn vi òg igjen i Jon si historie. Men dersom du ikkje har lese boka, kan ikkje det røpast for mykje.

Sjølve opplegget vil bestå av opplesing og forteljing om bakgrunnen for boka. Forfattaren nyttar bilete og film for å illustrere.

Lærerveiledning

Kva får dykk til å grøsse?

Gruppearbeid.

Sjangerlogoen til utdraget frå Glimt viser grøss.
Del inn elevane i grupper og la dei diskutere:

  • Kva forventar de når de høyrer ordet grøss?
  • Kva får de til å grøsse?
  • Finst det forskjellige slags grøss? Forklar.
  • Kva slags andre grøssar-bøker og -filmar veit elevane om?
  • Kva må vere med i ein god grøsser? Skriv ned stikkord. Kva forventar elevane av ein god grøsser?

Vidare opplegg for Glimt, utarbeidet av Foreningen !les.

Velbekomme!

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Tor Arve Røssland
  • Idé/opplegg: Tor Arve Røssland

Om kunstner / utøver / gruppe

Tor Arve Røssland er fødd i Bergen, men oppvaksen i Kvinnherad kommune. Han debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.

Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.


Medvirkende

  • Tor Arve Røssland
  • Tor Arve Røssland (Forfatter)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Glimt
Foto: Samlaget
Tor Arve Røssland
Foto: André Soltvedt
Litteratur
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
DKS Oppland
Turnéansvarlig Jofrid Sørskog
Tlf. 61289207/93617900
jofrid.sorskog@oppland.org
Kontaktperson utøver
Tor Arve Røssland
tor-arve@online.no
Programlengde
60
Maks publikumsantall
100
Arena / rom
Klasserom, auditorium, annet egnet rom
Oppriggingstid
7 min.
Nedriggingstid
3 min.
Lenker
Arrangører
Arrangert av:
DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
Medvirkende
  • Tor Arve Røssland (Forfatter)