DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 988, 2626 LILLEHAMMER
Besøksadresse: Kirkegata 76, 2626 Lillehammer
Telefon: 61 28 9000 • Nettsted: http://oppland.ksys.no
Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus
Produksjonsliste
Program

Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus er ei førestilling basert på rapbattle som dukkar inn i mangfaldet av kva lyrikk kan vera. Gjennom å nytta dikt og rap undersøkjer utøvarane og elevane saman kva lyrikk kan seie om dei som har skrive det, og om det også kan sei noko om dei sjølve.

Vi tek tak i eit element som ofte følgjer med det å dikta, nemleg tvilen på om ein er god nok og tvilen til å utlevera seg sjølv, og stilla seg lagleg til for hogg. Vi startar med å syna den tvilen Olav H. Hauge hadde på seg sjølv og på si eiga dikting. Å kjenna risiko ved det å utlevera seg sjølv er noko ungdom, rapparar og kjende poetar har til felles og kjenner mykje på.

Førestillinga tek utgangspunkt i estetikken og ideen bak rap-battles. I rap-battles er det to personar som møtast for å nedverdiga kvarandre verbalt. Dei nyttar rim, rytme og timing for å strukturera og byggja opp teksten. Dei blandar improvisasjon med førebudd materiale. I tillegg til det tekstlege innhaldet er form og framføring sentralt. Vi set rapbattle inn i ein litteraturhistorisk kontekst og syner korleis slike ordtevlingar kan førast tilbake til eldre norrøn og angelsaksisk dikting. Vi syner også kva lyriske verkemiddel som er mest brukte og går igjen i både eldre og notidig dikting og rap.

Når utøvarane går inn i ein rap-battle er det som dei går inn i ein boksering, der det gjeld eigne reglar. Rapbattle kan vera brutalt og politisk ukorrekt. I ein rapbattle stiller dei seg lagleg til for hogg, og må tåla mange verbale slag. Men dei har også sjansen til å slå i frå seg, og hevda seg sjølve. Det handlar om å våga å visa seg fram og gjera det ein brenn for. Elevane får ta plass «ringside» og er med og heiar fram utøvarane. Målet er å presentera lyrikken røffare, hardare og nærare røynda og publikum enn kva dei er vane med.

«Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus. Rett nok set han att ikkje att øksi i kyrkjedøri, men han ber endå sverdet under kappa: ordet. Og det er ei god verje. Ein norsk diktar har endå ordet, sverdet, i sine dikt, beiske ord som svid og høgg». Olav H. Hauge i dagbok, 2. november 1952.

Lærerveiledning

Hefte med tips for etterarbeid vert sendt til skulane.

Førestillinga vil vera med på å nå fleire av kompetansemåla frå læreplanen i norsk i den vidaregåande skulen:  

  • Bruke norskfaglige kunnskaper og begreper i samtaler om tekst og språk.
  • Lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål.
  • Skrive kreative tekster på hovedmål og sidemål med bruk av ulike språklige virkemidler.
  • Bruke ulike estetiske uttrykksformer i sammensatte tekster.
  • Gjøre rede for et bredt register av språklige virkemidler og forklare hvilken funksjon de har.
  • Tolke og vurdere sammenhengen mellom innhold, form og formål i sammensatte tekster.
  • Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer.
  • Lytte til, systematisere og sammenfatte informasjon i muntlige tekster og reflektere over innholdet.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Olav H. Hauge-senteret
  • Produsent: Nynorsk Kultursentrum v/ Olav H. Hauge-senteret


Om kunstner / utøver / gruppe

Per Olav Hoff Mydske (f. 1979) er tekstforfattar, rapartist og studerar kveding ved Ole Bull-akademiet på Voss. Hoff Mydske er mest kjend under artistnamnet Skranglebein. Han har vore med i hiphop-gruppa Pen Jakke og delteke som gjesteartist på konsertar og plater med ein rekkje artister, m.a. Bugge Wesseltoft, Tungtvann, Valkyrien Allstars, Per Anders Buen, Brazz Brothers og Jason Moran. Hoff Mydske har òg vore med på å vidareføra og gjenskapa folkemusikktradisjonen i Østfold, gjennom eit samarbeidsprosjekt i regi av Østfold musikkråd.. På Landskappleiken i 2015 deltok han med folkemusikkrap, som vidarefører både hiphoptradisjonen og den folkelege vokalmusikken, kvedinga. Hoff Mydske har vore sentral i å etablera eit miljø for rap-battles i Noreg, og har i 2015 vore med på prosjektet «Stor Overraskelse», som har utvikla teatersport (improvisasjonsteater) i hiphop-drakt. Han har tidligare arbeida med Hauge sine tekstar, gjennom samarbeidet med Valkyrien Allstars.

Hoff Mydske har gjort fleire produksjonar i Den Kulturelle Skulesekken: «Stor Overraskelse» (hiphopteatersport), «Hvordan finne bøker på nye måter og få tid til å lese dem» (føredrag/ konsert), skrivekurs i lyrikk/ hiphop og ein rekkje skulekonsertaer. Han har turnert med «Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus» i Oppland og i Hordaland.

 

André Jarnvig Jensen (f. 1987) er rapartist, teikneserieskapar og utdanna master i kunstfag frå Kunsthøgskulen i Oslo. Han har òg årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning for kunst og design ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og er lektor i kunstfag. Jarnvig Jensen har vore med i gruppa Evig Poesi, og er aktiv i rapbattlemiljøa i Østfold og Oslo. Han er forfattar av teikneserien Krutt-Kim.  Han har vore med å gi ut boka Hip Hop America som er pensum i vidaregåande opplæring, og arbeider no som prosjektleiar på eit verk om norske hiphoptekstar.

Jarnvig Jensen har tidligare gjort fleire produksjonar i regi av Den Kulturelle Skulesekken, m.a. skulekonsertar og grafitti-/ streetart-kurs, han har hatt eigne produksjonar for barnevernet, og har halde rapkurs i ungdomsskulen. Han har òg undervist i kunst og handverk og vore timelærar i street-art. Jarnvig Jensen har skrive masteroppgåve om rap-battles. Som rapbattlar har han over 350 000 visningar på Youtube og VGTV. Jarnvig Jensen har turnert med «Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus» i Oppland og Hordaland.

Ved stor pågang vil Nynorsk kunne engasjera fleire utøvarar til å turnera med førestillinga.

 

Om produsenten:

Nynorsk kultursentrum, avd. Olav H. Hauge-senteret har rolla som ansvarleg produsent. Hauge-senteret har tidligare produsert Tenk om eg var ein tanke, som har turnert for Den Kulturelle Skulesekken i Hordaland. Nynorsk kultursentrum har mange år bak seg som produsent for Den Kulturelle Skulesekken, med anna har Snakk om språk turnert i fleire fylke over lengre tid.

Hauge-senteret arbeider med formidling av lyrikk i alle former på tvers av språkgrenser, og ynskjer å auka bevisstgjeringa omkring lyrikk, språk og identitet.

Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum 2015 på Nordisk museumsmøte på Hamar 9. september 2015.



Medvirkende

  • Olav H. Hauge-senteret
  • André Jarnvig Jensen (formidler)
  • Per Olav Hoff Mydske (formidler)

Multimedia og vedlegg

Bilder

André og Per Olav
Foto: Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
André og Per Olav
Foto: Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Olav H. Hauge
Foto: Olav H. Hauge-senteret
André og Per Olav
Foto: Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Litteratur
Trinn: 8 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Turnéansvarlig Jofrid Sørskog
jofrid.sorskog@oppland.org
Tlf. 61289207/93617900
Kontaktperson utøver
Haugesenteret v./Ragnhild Nabben
ragnhild@haugesenteret.no  

Per Olav Hoff Mydske
skrangleper@gmail.com
tlf. 92 65 33 88
Programlengde
35 - 40 minutter
Maks publikumsantall
100
Arena / rom
Gymsal, skulebibliotek eller liknande.
Bærehjelp
Nei, takk, men det er alltid hyggelig å bli møtt av Kulturverter
Annet utstyr
Skulen sett fram to stolar og eitt bord, og ein flipover (og tusj)
Oppriggingstid
20 min.
Nedriggingstid
20 min.
Merknad om publikumsplassering
Ønsker å ha elevane tett på, gjerne utan stolar, heller matter/ benkar. Dette er fordi André og Per Olav skal på eit tidspunkt stilla seg i midten av publikum, og publikum skal danna ein sirkel rundt dei.
Arrangører
Arrangert av:
DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
Produsent:
Nynorsk Kultursentrum v/ Olav H. Hauge-senteret

Medvirkende
  • André Jarnvig Jensen (formidler)
  • Per Olav Hoff Mydske (formidler)